Jan Utkilen (SotraLista) skal leia utval for tenester og leverkår i nye Øygarden.
Partia som skal styra nye Øygarden byrjar no å setja namn på posisjonane som vart fordelt i samarbeidsavtalen.
Les: Samarbeidsavtale i 18 punkt
SotraLista som vart tildelt leiarvervet i utval for tenester og levekår, er samde om at Jan Utkilen skal ha det ansvaret, seier forhandlingsleiar Svein Bergh til nettavisa Tunnelsyn.no.
Utkilen skal dela leiaransvaret for utvalet med nestleiar Ernst Morten Einarsen (H).
Les: Vert leiar for samfunnsutvikling
SotraLista skal også ha nestleiaren i utval for plansaker, i tillegg til at dei skal ha ein representant i formannskapet. Kven som får desse verva vil først verta avgjort i medlemsmøtet neste veke, seier Bergh.