Andreas Kallekleiv (H) vert leiar for utval for samfunnsutvikling i nye Øygarden.

Høgre i nye Øygarden vart i går kveld samde om fordelinga av verva i utvala i den nye kommunen, seier Nils Kåre Skoge til nettavisa Tunnelsyn.no.
I samarbeidsavtalen med FrP, SotraLista og KrF vart Høgre samde om fordelinga av verva partia i mellom.
Les: Samarbeidsavtale i 18 punkt
No er det tildelinga av verva til personane i partia som står for tur. Som største partiet har Høgre sikra seg leiarvervet i utval for samfunnsutvikling. Her vert Andreas Kallekleiv frå Øygarden leiar.
Som nestleiar i utval for teneste og levekår vil dei ha Ernst Morten Einarsen.
Partiet får tre posisjonar i formannskapet. Desse går til ordførar Tom Georg Indrevik og Nils Kåre Skoge. Her har dei og plassert einaste kvinna; Silvia Haugland.
Nils Kåre Skoge vert partiet sin gruppeleiar.
Etter det nettavisa Tunnelsyn forstår, skal også FrP vera samde om fordelinga av sine posisjonar. Forutan Svein Otto Jacobsen som vert leiar for Planutvalet, vil Anita Garlid Johannessen ta plass i formannskapet. Svein B. Bjørge ser ut til å verta nestleiar i utval for samfunnsutvikling.
One thought on “Vert leiar for samfunnsutvikling”