Planlegg hydrogenproduksjon på Kollsnes

CCB har inngått intensjonsavtale med ZEG Power om å utreda potensialet for produksjon av hydrogen frå norsk gass i Naturgassparken på Kollsnes.

CCB Kollsnes. Foto: Morten Wanvik.

Anlegget vart planlagt rett ved sida av den planlagte deponiet for CO2 – Northern Lights, kjem det fram av ei felles pressemelding i dag.

– Vi ser på dette som eit «fast track» til fullskala hydrogenproduksjonsanlegg. I kombinasjon med karbonlagring vil det gjera det mogeleg å utnytta naturgassen på ein rein måte, og vil føra til ein betydeleg reduksjon av CO2, sier direktør Kathrine K. Ryengen i ZEG Power.

Teknologien, kalla ZEG-H2, er utvikla ved Institutt for energiteknikk (IFE) på Kjeller. Teknologien gjer det mogeleg å omdanna karbonhaldig gass til hydrogen, med CO2 fangst som del av prosessen.

-Vi ser tydelege synergiar mellom utrulling av eit ZEG-H2 anlegg og planen om storskala karbonlagring på CCB Kollsnes, seier konserndirektør Øyvind A. Langedal i CCB AS.

– Konverteringa av naturgass til reint hydrogen er ein betydelig industriell mogelegheit. Som selskap ser vi for oss ytterligere deltaking og etablering der vi sikrar ein helskapleg verdikjede rundt hydrogenproduksjon og karbonfangst, mottak, lagring og returhåndtering ved slik produksjon, legg Langedal til.

 

3 thoughts on “Planlegg hydrogenproduksjon på Kollsnes

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.