Møt ein fargesterk nordmann

-Ordet «flyktning» fortel ingenting om kven eg er, seier Symphorien Pombe. Den fargesterke nordmannen vil vi få sjansen til å verta betre kjend med i åra framover.

Symphorien Pombe er ein velkledd herremann med sin eigen klesstil.

Veltalande og velkledd. Ikkje akkurat nokon A4-stril. I motsetnad til dei fleste andre nordmenn, har Symphorien Pombe ingenting mot å verta karakterisert som brun. Kjem du derimot til å seia at han er svart, må du vera budd på reaksjonar.

I heimkommunen Sund har miljøarbeidaren Symphorien Pombe (46), mellom venar ofte kalla Symfo, forlengst blitt kjendis. No ventar eit vidare publikum.

Ikkje berre er Pombe valt inn i kommunestyret for SV i nest største kommunen i nye Vestland fylke. Han er og ein av tre Øygardsstrilar som veljarane har sikra fast plass i fylkestinget. På toppen av det heile er han andre vara til Stortinget for Audun Lysbakken.

Les: Berre tre Øygardsstrilar på fylkestinget

I opposisjon
At SV ikkje kom med i nokon fleirtalskoalisjon i nye Øygarden, uroar Pombe lite.

-Eg trivest i opposisjon. Eg har i grunnen alltid vore i opposisjon, men det var ikkje difor eg gjekk inn i SV, forsikrar Pombe når han møter nettavisa Tunnelsyn ved gitaren på Stranda.

– Gitaren er minnestad over Johannes Kleppevik, og viktig for identiteten til sundsokningane. Området betyr og mykje for ungane mine som går på skule her, forklarar han valet av møtestad.

Dei to jentene er resultatet av kjærleiksforhaldet til ei kvinne frå nabofylket i nord, og som jobba med mykje av dei same tinga som han sjølv.

-Det var skikkeleg romantisk, mimrar Symfo. Kjærleiken tok slutt, men dei har framleis eit godt tilhøve, forsikrar han.

Born og unge
Dette vert Pombe sin tredje periode i kommunestyret. Born og unge sine vilkår er det som opptek han aller mest. No håpar han å få plass i utval for tenester og levekår i den nye kommunen.

– Det gjer vondt å høyra om ungdomar som dett ut av skulen. Ungane er framtida. Kvifor må vi kutta i PPT og barnevern? Kvifor må vi absolutt spara pengar i barnehagane, spør SV-representanten retorisk.

Les: Kuttar i PPT, barnevern og helsetenester

– Vaksne må slutta å vera så egoistiske. Alle dei som vil kutta, dei vil møta meg som ein vegg, lovar han på vegne av ungane i den nye kommunen.

Etter 17 år i Sund har Pombe erkjent at dei konservative har gode vilkår på Sotra. Som ein ekte SV-ar føretrekkjer han å karakterisera seg sjølv som feminist.

-Menn må kunna skifta bleier og legga saman klede, seier Pombe. Om dei mannlege politikarane i det nye utvalet ikkje alt meistrar slike grunnleggjande oppgåver, så skal han vera mann for å læra dei det.

-Eg har alltid vore privilegert
Samtalen avslører raskt at Symphorien Pombe ikkje akkurat lever opp til dei stereotypane mange nordmenn truleg har av ein flyktning.

Då Pombe kom til Norge som kvoteflyktning frå FN sin høgkommisær for flyktningar i 2002 eigde han ikkje meir enn kva som fekk plass i ein plastpose. Mykje av innhaldet i posen var vitnemål som dokumenterte ei lang utdanning, toppa med eit femårig jusstudium på eit eliteuniversitet i heimlandet Kongo.

-Eg har alltid vore priviligert, hevdar Pombe. Han vaks opp som den eldste av seks ungar i ein svært velståande familie i ein av dei større byane i heimlandet. Begge foreldra hadde høgare utdanning. Faren jobba i bank, mora på eit sjukehus.

Familien var sterkt politisk engasjert. I dei formande oppvekståra var eine onkelen finansminister. Når storfamilien var samla til søndagsmiddag kunne det henda at presidenten ringte for å be onkelen ta seg av presserande møte. Ikkje rart han vart førebilete for den unge nevøen. Onkelen sørga og for at den unge Symphorien sikta seg inn på ei topp utdanning.

Studentleiar
Den delen av Kongo som familien budde i vart på denne tida okkupert av Uganda og Rwanda. Nabolanda ville ha tilgang til gruver med dei sterkt etterspurte mineralressursane som kobolt, coltan og koppar.

Pombe vart studentleiar, og aktiv arrangør av studentdemonstrasjonar. Noko som ikkje fall i god jord hos okkupantane. Den vidare historia fortel noko om kor farleg det kan vera å driva med politikk i land utan demokratiske tradisjonar.

-Eg måtte berre ta kampen, sjølv om eg vart truga og fengsla, fortel han om den dramatiske tida på slutten av førre hundreåret.

Press frå studentane, saman med støtte frå Amnesty International, sørga for at fengselsopphalda vart korte. «Fridomen» hadde likevel sine grenser. Han vart overvaka, og måtte møta på politistasjonen med pass kvar fredag, slik at okkupantane kunne vera sikker på at han ikkje rømte landet.

Frykta for livet

Etter 17 år i Norge er rollene bytta om. No er det Symphorien Pombe som viser nye flyktningar til rette. -Han er som ein far for meg, seier Hatangimana Mfashimikari.

I 2000 var åtvaringane likevel så mange at han valte å flykta. Med hjelp frå FN sin høgkommisær for flyktningar, og den internasjonale organisasjonen for menneskerettighetar, kom han seg over grensa til Uganda, skjult under setet i ein lastebil.

Fattigdom var noko Pombe først opplevde i flyktningeleiren i nabolandet.

Men heller ikkje i Uganda var han trygg. Etter at han engasjerte seg i studentarbeid i Kampala vart han bortført av soldatar frå Rwanda, skambanka og etterlaten blodig i vegkanten.

-Eg trudde eg skulle døy, fortel han nøkternt, utan å røpa angsten som den brutale behandlinga må ha utløyst.

Valte Norge og Telavåg
Hos FN sin høgkommisær for flyktningar såg dei at han måtte ut av landet. Han fekk valet mellom USA, Canada og Norge. Symphorien Pombe valte Norge – og Telavåg.

Stadvalet var i grunnen heller tilfeldig. Han trong ro rundt seg, og ønska seg ikkje til nokon storby. Telavåg har dessutan ein historie som på mange måtar minna om hans eigen.

Tidspunktet 25. mai 2002 klokka 13.20 sit spikra i minnet. Då vart han teken i mot på Flesland av Anne-Margrete og Merete i flyktningetenesta Sund. Når han snakkar om mottakinga i Sund, er det ein av dei få gongane under intervjuet han viser kjensler. Dette var ei erfaring som varma. Starten på eit heilt nytt liv.

Sju år seinare vart han norsk statsborgar. Men framleis er han ikkje trygg. Reisa på besøk til dei i familien i som framleis bur i Kongo, tør han ikkje, i alle fall ikkje som privatperson.

-Eg er persona non grata i fleire land i Afrika, hevdar han. Så seint som i fjor vart han avvist på grensa til Kamerun.

-Eg har ungar, og ønskjer ikkje å ta nokon risiko. Eg ønskjer ikkje at ungane mine skal oppleva at far deira vert arrestert. Eg ønskjer at dei skal vera stolte av meg.

Ord set grenser
-Ordet «flyktning» fortel ingenting om kven eg er, intellektuelt. Ord er berre eit kommunikasjonsmiddel. Kunnskap er noko heilt anna. Skal vi då la ord begrensa oss, spør han.

-Kvar flyktning er ei bok som vi må freista å lesa. Vi må bry oss om kvarandre. Flyktningane kjem med intellektuell, sosial og kulturell bagasje. Her i Norge må vi freista å få ut det beste av kvar og ein av dei, seier Symphorien Pombe.

Han har notert seg at 30 prosent av innbyggjarane i Norge er overkvalifisert for den jobben dei held på med. Særleg er det tilfelle for mange flyktningar. Slikt er ikkje bra ressursbruk, tenkjer han.

-Lækjarar og advokatar frå land i Afrika, Asia og Sør-Amerika køyrer drosje i Norge. Dei jobbar med ting som ikkje er relevant, berre for å overleva. Skal vi akseptera det? spør han.

Hans eiga femårige jussutdanning frå Kongo betyr ingenting. Det at han meistrar fem språk; fransk og swahili i tillegg til tre andre afrikanske språk, sikra Symphorien Pombe jobb som tverrkulturell miljøarbeidar i Sund kommune.

Tysdag denne veka var det han som stilte på Flesland for å helsa nye flyktningar velkomne til Norge. No er rollene bytta om. No er det han som sørgjer for at dei finn seg til rette i sitt nye heimland.

Hatangimana Mfashimikari kom til Sund frå Kongo i november i fjor. Han er ein av dei som har Symphorien Pombe som mentor:

– Han er som ein far for meg, smiler Mfashimikari.

I Sund har Symphorien Pombe funne eitt nytt førebilete i Sverre Bungum. I SV er det Oddrun Miljeteig som har gjort mest for at han skulle kjenna seg heime. Den frittalande dama prydar nåla på jakkeslaget.

Men førebileta finst ikkje berre i sosialistane sine rekkjer. Symphorien Pombe respekterer politiske motstandarar han kan diskutera sakleg med. Avdøydde Albrigt Sangolt (H) er mellom dei som har ei høg stjerne.

-Albrigt var halvt sosialist. Det same er Kari Anne Landro. Hadde ho stått på lista til dette valet ville ho fått ein slengjar av meg, bedyrar SV-aren Symphorien Pombe.

2 thoughts on “Møt ein fargesterk nordmann

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.