Fjell er ein av dei 15 norske kommunane som kjem best ut i undersøkinga Cicero Senter for klimaforsking har gjort om klimatilpassing.

Ekstremver som auka temperaturar, meir vind og meir regn ser ut til å verta stadig meir vanleg. Som planmynde sit kommunane med nøkkelen til kor godt vi skal tilpassa oss ri slik utvikling.
Les: Kommunane får større ansvar for naturskader
Cicero Senter for klimaforsking har gjennomført undersøkinga på oppdrag frå forsikringsselskapet If.
99 av dei 422 kommunane har svart på undersøkinga, berre fire av dei i Hordaland. Svarkommunane representerer til saman 48,2 prosent av innbyggjarane i Norge.
Store og sentrale kommunar, er dei som har kome lengst i arbeidet, ifølgje undersøkinga. Kommunar som har opplevd ekstremver siste åra, kjem og gjerne bra ut.
Aller best ut kjem Stavanger. Fjell får 17,5 poeng av 33 mogelege. Best skårar kommunen på risikovurdering og prioritering av tiltak som skal iverksetjast – områda der gjennomsnittskommunen har kome kortast.
Identifisering av potensielle tilpassningstiltak er det området der Fjell er minst førebudd, ifølgje undersøkinga.
Du kan lasta ned rapporten her.