Kuttar i barnevern, PPT og helsetenester

-Det vert forventa ei effektivisering.

Barnevern og PPT er mellom dei områda som får mest merkbare kutta i samband med kommunesamanslåinga. Arkivbilete.

Kommunalsjef for oppvekst Anne-Merete Vabø Haugane i nye Øygarden kommune orienterte i dag politikarane i Fellesnemnda om konsekvensen av effektiviseringane i samband med kommunesamanslåinga.

Kommunalsjef for oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane.

På oppvekstområdet vil kutta skje på område som barnevern, PPT, helsetenester til barn og unge, og familietenester. Områda hadde tidlegare 140 årsverk. Før nyttår vil 13 av årsverka vera effektivisert vekk, ifølgje kommunalsjefen.

Kutta vil ikkje medføra at tenester ein har i dag vil forsvinna heilt, svara prosjektrådmann Rune Lid på direkte spørsmål frå Andreas Kallekleiv (H).

Fleirtalet av dei 1.260 årsverka i oppvekst-sektoren i nye Øygarden er definerte som uberørte av kommunesamanslåinga. Skular og barnehagar har status som ikkje berørte. Dei skal halda fram som før, på same staden og med same mannskapet, ifølgje Vabø Haugane.

2 thoughts on “Kuttar i barnevern, PPT og helsetenester

  1. Veldig bra å kutte i barnevern. Kutt kraftig! De fleste barnevernssakene skapes av barnevernet, på null saklig grunnlag. Hold opp med dem. Kutt også radikalt i fosterhjem og institusjonsplassering. Det får utgiftene ned på rasjonelt nivå, og er positivt for barn og foreldre som får trygghet istedenfor å bli ødelagt.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.