Representantar for dei fem samarbeidspartia i nye Øygarden underteikna i dag avtalen som skal fungera som rettesnor for det borgarlege samarbeidet dei neste fire åra.

Avtalen dei fem partia i mellom legg opp til eit breidt borgarleg samarbeid, og inneheld ingen kontroversielle punkt, sa forhandlingsleiar Nils Kåre Skoge (H) i samband med den formelle avtaleunderteikninga på rådhuset i Fjell i ettermiddag.

-Alle har fått gjennomslag for noko. Alle har vore godt nøgde. Avtalen opnar for eit godt samarbeidsklima, og det er ingenting i avtalen som ikkje også dei andre partia kan gå med på, understreka forhandlingsleiaren.
Les: Samarbeidsavtale i 18 punkt
Det ligg ingen store kontroversar i avtalen. Punkt i einskilde parti sine program har vi valgt ikkje å ta med. Den diskusjonen får vi ta etterkvart som sakene kjem opp, la Skoge til.
Les: -Ein unormalt god tone i forhandlingane
-Vi skal gjera vårt beste for å oppfylla intensjonane i intensjonsavtalen, seier nyvald ordførar Tom Georg Indrevik (H).
Samanstejinga av formannskapet er enno ikkje avgjort. Valet av personar til leiar- og nestleiarverva i dei tre komiteeane vert venteleg kjent i løpet av veka.
Les: Haugetun vert styreleiar for ØyVAR
Med vel 38.000 innbyggjarr vert nye Øygarden nest største kommunen i nye Vestland, og ein av dei større kommunane i landet. Større enn mange byar.