Mange entrepenørar vil gjerne ha sprengsteinen som vert til overs i arbeidet med Askøypakken.

Fleire av dei ti delstrekkjene i Askøypakken har overskot på sprengstein. Det gjeld mellom anna fv. 212 Slettebrekka–Hetlevik der det skal byggjast tunnel. Det er og ei høg fjellskjæring i terrenget mellom Slettebrekka og Hetleviktunnelen.
Les: Her kan det verta lenge å venta
Ti entrepenørar melde si interesse då Statens vegvesen i sommar gjekk ut og søkte etter interessentar som kan ta mot stein, eller som kunne leiga ut område til mellombels deponi, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.
Ni av interessentane held til på Askøy. Den tiande ønskjer stein til eit deponi i Bergen.
Statens vegvesen vil nå ta ein gjennomgang av dei innkomne tilboda, og vurdere dei opp mot kvalifikasjonskrava som vart stilt i kunngjeringa, seier fungerande prosjektleiar Bernt Kristen Vallestad i Statens vegvesen.
Ein føresetnad
At deponi-området har godkjent reguleringsplan, er ein føresetnad for god framdrift i massehåndteringa. Slike løysingar finst i det materiale Statens vegvesen har fått tilsendt frå interessentane, ifølgje Vallestad.
Planen er å inngå avtalar med interessentar i løpet av desember 2019.