Gründerparken Vest bør få kutta det årlege kommunale tilskotet med to tredelar, tilrår prosjektrådmann Rune Lid.

16 verksemder, med til saman 25 årsverk, held for tida til å Gründerparken Vest i Straume Teknologisenter.
Det kommunale tilskotet utgjer ein viktig del av grunnlaget for drifta av gründerparken. Sidan starten har Fjell, Sund og Øygarden kommunar årleg bidrege med 500.000 kvar i tilskot til drifta. Budsjettframlegget for 2020 lyder på 2,4 millionar kroner.
Halvannan million kroner vert for mykje når dei tre kommunane slår seg saman til ein, tenkjer prosjektrådmann Rune Lid.
I ei sak til Fellesnemnda førstkomande mandag tilrår han at den nye kommunen kuttar gründartilskotet med ein million kroner, til 500.000 kroner, i 2020. Den summen skal til gjengjeld verta ei fast årleg støtte.
Prosjektrådmannen ser kuttet i den kommunale støtta som eit tiltak for å verkeleggjera det politiske ønskjet om å gjera gründerparken meir sjølvfinansiert.
Les: Etterlyser resultat frå Gründerparken Vest
Les: Føreslår å restarta gründerparken
One thought on “Vil kutta i gründerstøtta”