Høgre frå ordførarar en KrF og Torill Selsvold Nyborg vert varaordførar i det forslaget til samarbeidsavtale som er utarbeida mellom Høgre, KrF, SotraLista, FrP og Venstre.

Det bekreftar den nye ordføraren, Tom Georg Indrevik, ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no tirsdag kveld.
Indrevik ønskjer ikkje å seia noko om innhaldet i samarbeidsavtalen, så lenge dei fem partia ikkje har fått teke stilling til innhaldet. Partia har fått frist til fredag til å verta endeleg samde om ein avtale.
Avtalen fordeler leiarverva mellom partia. Namna på personar er ikkje avgjort, då det er først i kveld at den endelege samansetjing av det nye kommunestyret vert kjend.
-Det er vald 45 representantar til kommunestyret. Eg håpar alle vert med å løfta den nye kommunen, seier Indrevik.
3 thoughts on “Indrevik vert ordførar”