Høgre og Tom Georg Indrevik haldt forspranget i dei folkerike krinsane på Litle Sotra.

Då alle røystene var talde, hadde partiet sikra seg 21,8 prosent av røystene og 10 mandat.
Saman med FrP, SotraLista og Folkeaksjonen mot bompengar har dei 23 mandat. Skal dei få reint fleirtal må dei og få med KrF.
-Ingenting er avgjort. Å få til eit styringsdyktig fleirtal vil verta krevjande. Morgondagen kjem til å gå med til forhandlingar, seier ein uvanleg smålåten valvinnar til nettavisa Tunnelsyn.no.
I Arbeiderpartiet er dei skuffa over 17,3 prosent og åtte mandat.
-Deltakinga er uvanleg høg, heile 63 prosent,samanlikna med kommunevalet for fire år sidan. Det viser at Folkeaksjonen mot bompengar og SotraLista med sine tydelege kampsaker klart å lokka heimesitjarane ut av sofakroken, seier Marianne Sandahl Bjorøy.

Verken Jan Utkilen eller Svein Bergh i SotraLista ønskjer å seia noko om eventuelle forhandlingar, eller om dei vil setja kravet om folkerøysting om kommunenamnet inn som eit krav for å vera med i ein fleirtalskoalisasjon.

-Det er ingen av partia på Stortinget som vil ta opp eit forslag om namneskifte, konstaterer Arbeiderpartiveteran Ranveig Frøiland.
Den endelege mandatfordelinga:
Parti | 100 % | Mandat |
Høgre | 21,8 | 10 |
Arbeiderpartiet | 17,3 | 8 |
FrP | 10,2 | 4 |
SotraLista | 11,2 | 5 |
Folkeaksjonen mot bompengar | 8,1 | 4 |
KrF | 8,6 | 4 |
Senterpartiet | 8,4 | 4 |
SV | 5,1 | 2 |
MDG | 3,4 | 2 |
Venstre | 3,2 | 1 |
Rødt | 1,8 | 1 |
PDK | 1,1 | 0 |