Sauasankinga i Kvitingen er årets storhending for mange saueeigarar på Sotra og Askøy.

Ytre Midthordland Beitelag sende i vår 1.750 søyer med lam på «ferie» til Kvitingen i Samnanger. Langt dei fleste av sauene, kring 1.400, har adresse hos småbrukarar på Sotra. I det 30.000 mål store fjellområdet skulle sauene få fråtsa i grønt, friskt gras og eta seg feite.



I helga mobiliserte saueeigarane for å henta heim fårikålen. Å vera med på sauasankinga er årets storhending for mange, og mange ønskjer å delta på denne krevjande fjellturen. Eit 40-tals personar klart i løpet av denne første sankehelga å henta heim kring 1.550 av dei, ifølgje Kato Hilleren som er leiar for beitelaget.

For 240 lam venta ein brutal slutt på «ferien». Dei vart sendt rett til slakteriet.
Talet på sauer i Kvitingen har gått noko ned dei siste åra. I år sende eit 20 saueeigarar sende dyra sine til det attraktive fjellbeitet. Storleiken på flokkane dette året varierte, frå seks til 400 dyr, ifølgje Hilleren.
Andre lokale beitelag har sauene sine i utmarka heime på Sotra, eller dei sender dyra sine til Masfjordfjella.