Skulevalet ved Sotra vidaregåande enda med braksiger til Høgre.

Det er store skilnadar i politisk interesse og oppslutnad om skulevalet mellom avdelingane på Sotra vgs, viser tala nettavisa Tunnelsyn.no har fått tilsendt frå skulane.
På Bildøy var oppslutnaden om skulevalet heile 86 prosent. I Sund var det under halvparten av elevane som deltok. For Sotra vidaregåande sett under eitt gav det ein oppslutnad på 67,2 prosent.
Konservativt val
Det er ikkje mykje opprør å spora hos dei oppveksande ungdomane på Sotra, om vi legg skulevalet til grunn. Medan Høgre siglar i motvind på dei nasjonale målingane, var skulevalet på Sotra eit konservativt val. Dei gråhåra karane i Høgre sikra seg heile 31,9 prosent av røystene ved det lokale skulevalet. Høg oppslutnad på Bildøy oppveg langt på veg laber interesse i Sund.
Les: Ni kule ungdomar og ein gubbe
I Sund var det Arbeiderpartiet som fekk flest røyster, 34,4 prosent, mot 17,6 på Bildøy. Samla gjev det ein oppslutnad for Marianne Sandahl Bjorøy på 22,2 prosent.
Tredje største partiet er FrP, med 9,5 prosent av røystene totalt. Også her var det store skilnadar mellom «blå» Fjell og «raude» Sund. Verken toppkandidat Svein Otto Jacobsen eller ungdomskandidaten Marianne Garlid Johannessen har tydelegevis gått heim hos ungdomen i sør.
Overraskinga
SV har om lag jamt med tilhengjarar i begge kommunane, og enda opp med ein samla oppslutnad på 7,5 prosent.
Den store overraskinga ved dette skulevalet er kan hende Liberalistane. Partiet stiller ikkje liste i nye Øygarden, berre i fylkestingsvalet. Ungdom som ønskjer å gjera opprør, tek det tydelegvis heilt ut. Partiet fekk like mange røyster som SV på Bildøy, og fekk totalt 7,2 prosent av røystene.
Miljø
Interessa for klima og miljø verkar vera laber i dei oljesmurte kommunane vest for Bergen samanlikna med resten av landet. Spranget ned til MDG er stort. Ungdomskandidaten Maria Thomassen har vunne mange med sin grøne bodskap og lovnad om gratis kollektivtransport, men på Sotra er det altfor mange unge som har opplevd oljenedturen slå inn over familieøkonomien. 4,9 prosent totalt, og miljøbodskapen vart møtt med jamnt høgare interesse på Bildøy enn i Sund.
Venstre går gjennom sperregrensa, og enda på 4,4 prosent. Her er det tydelegvis heimekandidaten Elizabeth Toft Erichsen som sankar stemmer i Sund.
Bompengar?
Bompengar har vore eit heitt tema i årets valkamp. Sotrastrilen er innstilt på å betala bompengar på eit nytt Sotrasamband. Folkeaksjonen nei til bompengar verkar difor ikkje å ha gjort noko særleg inntrykk her vest. Med 3,5 prosent av røystene er partiet likevel sikra ein representant i det nye kommunestyret, om skulevalet er representativt for det avgjerande valet på måndag.
Berre parti som stiller liste i fylkestingsvalet fekk delta i skulevalet. SotraLista deltok difor ikkje i skulevalet.
Resultat skulevalet 2019 – Sotra vgs | ||||||
Bildøy – stemmer | Bildøy % | Sund -Stemmer | Sund % | Totalt | Total % | |
Arbeiderpartiet | 73 | 17,6 | 54 | 34,4 | 127 | 22,2 |
Senterpartiet | 9 | 2,2 | 5 | 3,2 | 14 | 2,5 |
MDG | 22 | 5,3 | 6 | 3,8 | 28 | 4,9 |
Krf | 4 | 1 | 2 | 1,3 | 6 | 1,1 |
Venstre | 15 | 3,6 | 10 | 6,4 | 25 | 4,4 |
Høgre | 152 | 36,7 | 30 | 19,1 | 182 | 31,9 |
FrP | 48 | 11,6 | 6 | 3,8 | 54 | 9,5 |
Piratpartiet | 3 | 0,7 | 2 | 1,3 | 5 | 0,9 |
NKP | 2 | 0,7 | 1 | 0,6 | 3 | 0,5 |
Pensjonistpartiet | 3 | 0,7 | 0 | 3 | 0,5 | |
De Kristne | 2 | 0,5 | 2 | 1,3 | 4 | 0,7 |
Demokratene | 1 | 0,2 | 0 | 1 | 0,2 | |
Liberalistene | 30 | 7,2 | 11 | 7 | 41 | 7,2 |
Helsepartiet | 0 | 1 | 0,6 | 1 | 0,2 | |
Folkeaksjon mot bompenger | 14 | 3,4 | 6 | 3,8 | 20 | 3,5 |
Rødt | 6 | 1,4 | 8 | 5,1 | 14 | 2,5 |
SV | 30 | 7,2 | 13 | 8,3 | 43 | 7,5 |
Røyster | 414 | 157 | 571 | |||
Oppslutnad | 79,2 | 49,1 | 67,2 |