I Fjell, Sund, Øygarden og Askøy er sjukeheimslækjarane lite flinke til å følgja opp pålegget om å kontrollera medisinbruken til pasientane.

For å få ned problemet med overmedisinering av pasientane ved norske sjukeheimar, vart lækjarane 1. januar 2017 pålagde å gå gjennom medisinbruken til alle nye pasientar. Deretter skal lækjarane minst ein gong i året følgja opp og kontrollera at medisinbruken til dei einskilde er forsvarleg.
NRK har, i samarbeid med senter for undersøkjande journalistikk, sett nærare på kor flinke kommunane er til å følgja opp påbodet.
Undersøkinga viser kor stor andel av sjukeheimspasientane i kvar kommune som fekk gjennomgått medisinbruken sin i fjor, eitt år etter at påbodet vart innført.
Kommunane vest for Bergen har lite å rosa seg av i så måte, ifølgje NRK sine tal. Best ut kjem Sund. Her fekk 31 prosent av sjukeheimspasientane medisinbruken sin gjennomgått av lækjar i fjor. Minst kontroll med medisinbruken har dei i Øygarden.
Sund 31 prosent
Askøy 20,3 prosent
Fjell 15,4 prosent
Øygarden 11,4 prosent