Fest i Blombakkane i dag, med høgtidsam markering av at Hanne Pedersen (23) og fem andre har flytta inn i Lyngheia bufellesskap.

I Lyngheia bufelleskap, med luftig utsikt over Straumsundet, har seks ungdomar i alderen 20 – 25 år med nedsett funksjonsevne fått sine første eigne bustadar. Kvar av bustadane er individuelt tilpassa. Med kring 60 kvadratmeter til disposisjon har bebuarane god plass til å svinga rullestolen, for dei som er avhengige av eit slikt hjelpemiddel.

Høgtidsam opning
Dei seks ungdomane har alt rukke å bu seg inn. Dei flytta inn alt 1. mai, men først i dag var det høgtidssam opning med snorklipping av ordførar Marianne Sadahl Bjorøy (A) og leiar Ernst Morten Einarsen (H) i Komité for drift og forvaltning.
-Ei heilt ny verd, både for ho og oss, seier den stolte pappaen til Hanne, Svein Arthur Pedersen. Dottera budde heime inntil ho flytta inn i Lyngheia i vår.

Vore med i planlegginga
Som medlem i Kommunalt råd for menneskje med nedsett funksjonsevene, og som leiar for NFU i Sotra og Øygarden, har Pedersen fulgt planleggings- og byggjeprosessen tett, nærast heilt frå starten.
Det har vore ein brei prosess som har involvert mange møter med arkitektar, ergoterapeutar og verneombod, såvel som representantar for dei pårørande, seier styrar Bente Våge som saman med avdelingsleiar Margunn Heen har ansvaret for drifta av bufelleskapet.
Heile anlegget har kosta 42 millionar kroner. Drifta vert finansiert delvis ved overføring av midlar frå personlege assistentar og omsorgsløn, ifølgje Einarsen.

Heildøgns bemanning
For å sikra trygge tilhøve for dei seks bebuarane har bustadane heildøgns bemanning. 15 – 16 tilsette i 13,5 årsverk skal syta for at bebuarane trivest og har det bra, ifølgje Våge.
Bufellesskapet er eit resultat av Kommunedelplan for bustadar og det første øyremerka for ungdom med nedsett funksjonsevne i Fjell. I Blombakkane er bufellesskapet plassert nærast vegg-i-vegg med ein tilsvarande bustad for ni godt vaksne.
Les: Rullestolbrukar feira nyttår i eigen leilighet