Fjell kommune har no så mange ledige stillingar at drifta av dei lovpålagte tenestene er heilt på grensa til det som er forsvarleg.

I håp om å løysa dei økonomiske utfordringane siste åra har Fjell kommune late vera å lysa ut stillingar som vert ledige.
Som eit resultat har kommunen no eit 100-tals ledige stillingar, derav 35 i skulen, kunne rådmann Steinar Nesse fortelja kommunestyret i samband med presentasjonen av økonomirapporten for andre tertial.
Dei mange ledige stillingane har ført til auka press på dei tilsette som er att, med auka sjukmeldingar som ein konsekvens. Leiarane må no driva tettare styring, og vurdera vikarbehovet frå dag til dag, noko som aukar kostnadane til vikarar.
Korvidt Fjell no er på grensa til forsvarleg drift, om vi kan levera dei tenestene som er lovpålagte, med naudsynt kvalitet, kunne Nesse ikkje svara på på ståande fot.
-Vi ligg langt under bemanningsnormane på eindel område, konstaterer rådmannen i Fjell.
2 thoughts on “Fjell har 100 ledige stillingar”