Etter eit heilt år med riving, ombygging og bussing av dei eldste elevane under fjorden og over Sotrabrua til Liljevatnet skule, var det berre glade fjes å sjå ved nyopninga av Bjorøy skule.

Med kring 130 elevar sloss Bjorøy skule med Skålevik skule om å vera den minste barneskulen i Fjell etter omlegginga av skulestrukturen. Desto meir gledeleg for innbyggjarane på den barnerike øya midt i Vatlestraumen at dei i dag kunne markera nyopninga av ein større og meir funksjonell skule.

Dobbelt så stor
Rektor Renathe Fagerbakke smilte om kapp med sola over å kunna helsa velkomen til nytt tilbygg på nær 1.500 kvadratmeter, i forlenginga av den eksisterande skulen. Samla areal er no på vel 3.000 kvadratmeter.
Prosjektet til 50 millionar kroner har omfatta riving av det aller eldste skulebygget, utviding av skulen mot sør, opprusting av det attverande skulebygget og leikeplassane mot sør og aust med leikeapparat.
Byggeprosessen har resultert i nye og moderne klasserom for alle klassestega, kontorarbeidsplassar for lærarane og bibliotek, mellom anna.

Spesiell dag
For ordførar Marianne Sandahl Bjorøy var det ein heilt spesiell dag, sidan både mannen og dei to borna har gått på denne skulen. Det kjem og borneborna til å gjera, reknar ho med.
Saman med leiar for Komite for drift og forvaltning, Ernst Morten Einarsen, nytta ordføraren høvet til å dela ut refleksvestar til alle elevane. Designet på logoen på refleksvestane er det 5. klassingen Leonora Olea Wilhelmsen som har teikna.