Fiskeskippar Per William Lie frå Liaskjæret er fiskerinæringa sin representant i det nasjonale utvalet for fiskerikontroll.

Fiskerikontrollutvalet skal bekjempa ulovleg fiske, mellom anna gjennom å vurdera korleis ny teknologi kan auka tryggleiken for at norsk fisk som kjem på marknaden er lovleg fiske og seld. Utvalet skal og sjå på korleis staten kan få auka effekt av kontrollressursane, ifølgje Nærings- og fiskeridepartementet.
Les: Avslører fangsten i trålen
Utvalet skal mellom anna vurdera kvar risikoen for lovbrot er størst, og korleis ein kan sikra tilnærma like konkurransevilkår for aktørane i næringa.
Dei ti medlemmane i utvalet har svært ulik tilnærming til arbeidet. Fiskeskipparen frå Liaskjæret er den einaste med bakgrunn frå praktisk fiskeri. Med seg i det tverrfaglege utvalet har han mellom anna leiaren frå eit fiskebruk i Finnmark, og ein polititilsett i Økokrim, forutan forskarar frå ei rekkje ulike fagområde.