Det står langt sjeldnare kvinner bak når nye verksemder vert etablert i øykommunane vest for Bergen enn i resten av landet.

Det viser ein analyse nettavisa Tunnelsyn har gjennomført på bakgrunn av nyregistreringane i Brønnøysund dei sju første månadane i år.
Kvinner stod bak berre 21 av totalt 130 nyetableringar i Fjell, Sund og Øygarden i perioden.

Vegrar seg
Medan norske kvinner i snitt står bak 39 prosent av alle personleg eigde føretak og 19.8 prosent av alle nye AS, er tala for nye Øygarden henhaldsvis 7 og 14,9 prosent.
Siste tilgjengelege tala frå SSB er for 2017. Med forbehald om at det kan vera årlege variasjonar, og at tala for heile 2017 vil sjå noko annleis ut, avslører dei lokale tala at avstanden mellom dei kvinnelege gründarane i øykommunane vest for Bergen er vesentleg større enn i resten av landet.
Føretrekkjer AS
Kvinner i Fjell, Sund og Øygarden, vegrar seg med andre ord i større grad for å satsa framtida på eiga verksemd enn kvinnene i resten av landet. Om dei no likevel først vel å gjera det, føretrekkjer dei eige aksjeselskap framfor eit personleg eigd føretak.
Ressurssterke
Å starta eige aksjeselskap krev ein minimumskapital på 30.000 kroner. Ein kapital langt frå alle har tilgang til. Tala avslører dermed at det i større grad er økonomisk ressurssterke kvinner som vel å verta etablerarar i nye Øygarden samanlikna med landet elles.

Flest i Fjell
Høgaste kvinneandelen finn vi, ikkje uventa, i Fjell, med 17,9 prosent. Her var 17 av 95 gründere kvinne. 10 av dei valgte å starta eige AS.
Mest skeptiske er tilsynelatande kvinnene i Øygarden. Her var berre ein av 12 nyetablerarar kvinne.
I Øygarden, men og i Sund, er det relativt små tal det er snakk om. Å snakka om prosentandelar i desse to kommunane sett kvar for seg, vil difor vera feil.
Kvinnelege gründarar – januar – juli 2019 | ||||||
2019 totalt | 2019 nye AS | 2019 kvinner totalt | 2019 kvinner AS | % kvinner totalt | % kvinner AS | |
Fjell | 95 | 66 | 17 | 10 | 17,9 | 15,2 |
Sund | 23 | 20 | 3 | 3 | 13,0 | 15,0 |
Øygarden | 12 | 8 | 1 | 1 | 8,3 | 12,5 |
Totalt | 130 | 94 | 21 | 14 | 16,2 | 14,9 |