Dei statlege fiskerihamnane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy vert frå årskiftet overtekne av Vestland fylkeskommune.

Vestland fylke vert eitt av dei største fiskerifylka i landet, saman med Nordland, Troms og Finnmark. Til saman overtek Vestland fylkeskommune 99 statlege fiskerihamnar frå Kystverket.
15 av fiskerihamnane som no skal skifta eigar ligg i øykommunane vest for Bergen, ifølgje ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.
Desse hamnane skal overtakast av Vestland fylkeskommune:
Sund:
-Kleppe, Steinsland og Trellevik
Fjell:
-Hitsøy, Misje, Solsvik og Turøyvågen
Øygarden:
-Hellesøy, Hernar, Hjelmevågen, Lyngøy, Nordøysund og Vik
Askøy:
Follesø og Ramsøy
Viktig næring
-Kommunane er opptekne av å leggja til rette for fiskeria som viktig næring. Vi er opptekne av at foredling av fisken skal gjerast på land. I dag foredlar og pakkar store fabrikktrålarar fisken om bord og køyrer rett til hamn i EU og leverer. Vi vil heller ha arbeid knytt til foredling på land for å oppretthalde busettinga. Til det må vi ha gode kaier og hamneanlegg, seier næringsdirektør i nye Vestland fylkeskommune, Bård Sandal.
Fylket overtek fiskerihamnane i den stand dei er i. Mange stadar er etterslepet på vedlikehald stort. Samla etterslep på vedlikehald på dei 99 hamnane som Vestland overtek, er kalkulert til meir enn 50 millionar kroner. Det føl likevel ikkje med øyremerka midlar til vedlikehald, ifølgje pressemeldinga.
Overføringa av fiskerihamnene er ein del av arbeidet med å overføra oppgåver frå staten til fylkeskommunane, og er vedteken av Stortinget.