Av dei største verksemdene i region vest var det 13 som oppnådde ein driftsmargin på 7 prosent eller meir i 2018.
Heile 38 verksemder i i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy passerte 100 millionar i driftsinntekter i fjor. Variasjonane i lønsemda til dei 38 største verksemdene er store, viser undersøkinga nettavisa Tunnelsyn.no har utført på bakgrunn av rekneskapane verksemdene har sendt til Brønnøysund.
Les: Fisk, offshore og byggjeverksemd
Det er mange måtar å rekna lønsemd på. Driftsresultat, driftsmargin og resultat før skatt er dei vanlegaste.

Ingen slår Framo-konsernet når det kjem til driftsresultat. Etter at alle driftskostnadane var betalt, sat den svenskeigde pumpespesialisten på Askøy att med 349,5 millionar kroner av ein omsetnad på oppunder 3,7 milliardar. Driftsmarginen enda på 9,5 prosent, eller så vidt over snittet. Framo er også den verksemda som kjem best ut når det gjeld resultat før skatt, med heile 272,1 millionar.
Aegopodium AS, arvtakaren etter konkursramma Atlantic Offshore AS, gjorde det tilsynelatande også svært bra, med eit driftsresultat på 102,7 millionar kroner av ein omsetnad på vel ein halv milliard og ein driftsmargin på 20,4 prosent. Det kom vel med, for stor gjeld og høge kapitalkostnadar drog ned resultatet før skatt til 31,1 millionar.
Les: Bergingsrederi tilbake i djupt farvatn
Mest effektive

Sjølv om driftsresultatet kan høyrast imponerande ut, målt i kroner, er det driftsmarginen som avslører kor effektiv drifta i ei verksemd er.
Heilt på topp når det gjeld driftsmargin finn vi Sartor Storsenter AS. Etter at alle driftskostnadane var betalt, sat verksemda att med eit driftsresultat på 79,2 milllionar kroner, tilsvarande ein driftsmargin på imponerande 43,7 prosent. Store kapitalkostnadar reduserte imidlertid resultatet før skatt for eigarane i Olav Thon AS og Sartor Holding AS til 50,7 millionar.
Dei mest effektive | Driftsinntekt 2018 | Driftsesultat 2018 | Driftsmargin 2018 |
Sartor Storsenter AS | 181,4 | 79,2 | 43,7 |
Telavåg Fiskeoppdrett AS | 179 | 50,2 | 28,0 |
Acos AS | 200,2 | 45 | 22,5 |
FjellVar AS | 134,3 | 29 | 21,6 |
Aegopodium AS (k) | 503,3 | 102,7 | 20,4 |
Sartor Holding AS (k) | 134,7 | 25,9 | 19,2 |
Liegruppen AS (k) | 303 | 42,2 | 13,9 |
Bergen Tankers AS | 100,3 | 11,4 | 11,4 |
Eide Boligutvikling AS | 140,2 | 13,5 | 9,6 |
Framo AS (k) | 3675 | 349,5 | 9,5 |
Nks Olaviken Alderspsykiatriske sjukehus AS | 117,2 | 9,6 | 8,2 |
Sartor Maskin AS | 413 | 30,2 | 7,3 |
Sotra Gruppen AS (k) | 122,9 | 8,6 | 7,0 |
Fisk
Fisk er grunnpilaren for svært mange av dei største verksemdene i øykommunane vest for Bergen, og her er det store variasjonar i lønsemda, både når det gjeld effektivitet og resultat før skatt.

Telavåg Fiskeoppdrett AS er den verksemda som kjem best ut. Eit driftsresultat på 50,2 millionar tilseier ein driftsmargin på 28 prosent.
Resultat før skatt viser kor stor gevinst eigarane sat att med når lån og avdrag er betalt og inntektene frå eventuelle investeringar er rekna inn.
Her siglar Liegruppen AS inn bak Framo AS. Storsal av eigedom tilførte Liegruppen store kapitalinntekter i fjor. Basen på Liaskjæret kunne dermed setja punktum for ein lang karriere med eit resultat før skatt på 104 millionar kroner.
Les: Eigedomssal gav rekordår for Liegruppen
Fem av dei 38 største verksemdene i regionen enda fjoråret med eit negativt driftsresultat. Ingen av dei hadde kapitalinntekter som kunne hindra at dei enda året med eit negativt resultat før skatt.
Dei mest lønsame
(alle tal i 1000) |
Omsetning 2018 | Driftsresultat 2018 | Resultat før skatt 2018 |
Framo AS (k) | 3675 | 349,5 | 272,1 |
Liegruppen AS (k) | 303 | 42,2 | 104 |
Magel AS (Sekkingstad) (k) | 3760,3 | 34,8 | 50,9 |
Sartor Storsenter AS | 181,4 | 79,2 | 50,7 |
Telavåg Fiskeoppdrett AS | 179 | 50,2 | 50,3 |
Coast Center Base (K) | 1235 | 38,3 | 35,7 |
Brødrene Ulveseth AS | 470,1 | 30,8 | 32,2 |
Aegopodium AS (k) | 503,3 | 102,7 | 31,1 |
Telle Gruppen AS (k) | 335 | 14,2 | 29,3 |
Sartor Maskin AS | 413 | 30,2 | 26,6 |
One thought on “Dei mest lønsame i vest”