I rein glede over å kunna visa Venstre sin ordførarkandidat i Vestland fylke fleirbrukshallen Hjeltefjord Arena tok ordførar Børge Haugetun like godt ein tur opp i klatreveggen.
Gunnhild Berge Stang er ordførar i Fjaler og Venstre sin fylkesordførarkandidat i til nye Vestland. I dag vitja ho partifeller i Fjell og Øygarden.
Og Hjeltefjorden Arena imponerte. Fleirbrukshallen vart teken i bruk i fjor. Neste sommar skal symjehallen med 25-meters basseng stå klar, ifølgje planen.
Kreative løysingar gjorde at kostnaden på fleirbrukshallen havna på 79 millionar kroner – under budsjett, fortalde ein stolt Andreas Kårbø, leiar for teknisk drift og service.
Symjehallen, med heve- og seinkebotn slik at småunger kan læra å symja, og uteanlegg med turløype og leikeapparat, har eit budsjett på 138,5 millionar.