Tru, håp og tvil er tema for filmen Maria Ekerhovd og Mer Film AS lanserer under årets BIFF-festival.
Maria Ekerhovd har vore produsent for «Disco». Dansefilmen med eit religiøst bakteppe er ein av hovudfilmane på årets BIFF-festival.
På overflata framstår alt perfekt. 19 år gamle Mirjam er stedotter til den karismatiske pastoren i menigheten Friheten. Som regjerande verdsmeistar i disco freestyle dans, og leiar av frikyrkja si ungdomsgruppe vert ho sett opp til av kyrkjelyden. Men under VM kollapsar ho på dansegulvet. Ei hending som fører henne på leiting, i retning ein strengare og meir konservativ kyrkjelyd.
Josefine Frida Pettersen, kjent som Noora i SKAM, spelar hovudrolla som Mirjam. Dette er første spelefilmen ho medverkar i.
–Eg gler meg enormt til å koma heim og visa Disco til Biff sitt fantastiske publikum. Og eg vågar hevda at dei kan gle seg til ein rørande, sterk og viktig film, seier produsenten Maria Ekerhovd i Mer Film AS i ei pressemelding frå BIFF.
BIFF feirar i år 20-årsjubileum. Filmfestivalen går av stapelen i dagane 25. september til 3. oktober.