Leikar, lampar og smykke. «Alt» kan lagast i tre.

I snikkarbua på Glesvær planlegg Goffa-gründer Torvald Bakke nye gjenstandar han håpar kan seljast heile året.
Bakke fekk ein pangstart som gründer. For å få unna alle bestillingane på små, handlaga leikebilar i tre jobba han overtid i førjulsmånadane i fjor. Så vart det stille i nettbutikken. Altfor stille.

Produktutvikling
Innovasjonsfasen er langt frå over. Dei siste månadane har Bakke nytta tida i snikkarbua til produktutvikling. Det gjeld å designa nye gjenstandar som kan utvida marknaden og gje levegrunnlag for snikkarverksemd heile året, seier Goffa-gründaren til nettavisa Tunnelsyn.no.
Ideskapinga er det mest krevjande. Utstyret Bakke har investert i tillet han å laga det meste i lite format. Materialbruken understrekar det unike ved kvar einskild gjenstand. Treverket finn han gjerne i fjæra, eller i gamle naust som skal rivast.

Samleobjekt
Goffa er eit verna merkjevarenamn. Det ønskjer gründaren å spegla i produktutvalet. Han ønskjer å konsentrera seg om å laga unike produkt, samleobjekt eller interiørgjenstandar som berre vert produserte i små seriar.
– Folk er villig til å venta nokre veker på at gjenstandane dei har bestilt vert produsert, smiler han.

Spesialdesigna gjenstandar øyremerka for sal gjennom særskilde forhandlarar kan og vera eit alternativ.
Nettsal, messer og marknadar
Utanlandske konkurrentar pressar prisane i forhandlarkjedane. For å kunna ta seg nokonlunde skikkeleg betalt og stikka forteneste i eiga lomme har Goffa-grundaren difor konsentrert seg om direkte sal utanom butikk.
Nettbutikken er viktigaste salskanalen, med det å vera tilstade på messer og marknadar er og viktig for marknadsføringa, har han funne ut.
Knekkja kodar
Som gründar er Bakke aleine om alt. Å knekkja koden for marknadsføring på nett er ein av utfordringane Goffa står ovanfor. Bruk av Instagram til å marknadsføra nye produkt er ein start.
Etter litt prøving og feiling har han funne fram til ei nettbutikkløysing han er nøgd med. iZettle fungerer som kassasystem, tek kortbetalingar, overfører salsinformasjonen til rekneskapen og har attpå til låge grunnkostnadar.
At slike alt-i-eitt-løysingar gjerne er litt einkle på einskilde område, kan han leva med.