Ein fottur på Sotra tidleg i august vert ein tur gjennom eit rødmande landskap.

Våren er tid for det grøne. Raudfargen har kystlandskapet spart til august. Blømande røsslyng ligg som eit teppe over langskapet og skapar feststemning på vestsida og nordover i Øygarden om dagen. Nærare busetnaden syt svaiande geiterams for nyansar i den raude paletten.

Ser du godt etter, finn du kan hende raudkløver, eller enda til eit felt med rosa ryllik i ei eng slåmaskina enno ikkje har nådd.

Langtidsvarselet lovar lettskya opphaldsver og passe turtemperatur mesteparten av veka som kjem, så her er det berre å gripa dei fristundene ein kan.