Heile 101 fleire strilar stod utan arbeid i juli enn i månaden før. Mest dramatisk er utviklinga i Askøy.

NAV sin statistikk over arbeidslause ser fin ut, om vi samanliknar med same tida i fjor. Ser vi utviklinga månad for månad, ser utviklinga derimot langt meir dyster ut for kommunane vest for Bergen.
Totalt 1146 personar i Sund, Fjell, Øygarden og Askøy var registrerte som arbeidslause i juli, ifølgje NAV. Av dei var 999 registrert som heilt arbeidslause, medan 147 deltok på ulike formar for tiltak.
Samanliknar vi med tala for juni, stod 101 fleire personar utan arbeid ved utgangen av juli enn det gjorde ein månad tidlegare.
Mest dramatisk har utviklinga vore i Askøy. 440 ledige innebar at heile 74 fleire asketappar stod utan arbeid ved utgangen av juli enn ein månad tidlegare.
Fjell har slite med ei arbeidsløyse som jamnt over har vore høgare enn i Askøy. Også i Fjell tok utviklinga eit stort steg i feil retning i juli. Her var det 24 fleire ledige no enn ein månad tidlegare.
I Sund og Øygarden haldt talet på ledige seg nokonlunde stabilt. Totalt i nye Øygarden er det no 706 personar utan arbeid. Talet på ledige auka med 27 personar i juli.
Arbeidsmarknaden juli 2019 | |||||
Heilt ledige | På tiltak | Totalt juli | Totalt juni 2019 | Endring | |
Sund | 117 | 10 | 127 | 126 | 1 |
Fjell | 419 | 75 | 494 | 470 | 24 |
Øygarden | 75 | 10 | 85 | 83 | 2 |
Nye Øygarden | 611 | 95 | 706 | 679 | 27 |
Askøy | 388 | 52 | 440 | 366 | 74 |
Totalt | 999 | 147 | 1146 | 1045 | 101 |