Dei eldre stod i fokus då Erna Solberg opna valkampen på Sartor Storsenter saman med helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Seniorkameratane helsa statsminister og Høgreleiar Erna Solberg velkomen til Sartor storsenter med «Jenter frå Bergen». Så lokka seniorane sine smektande trekkspeltonar statsministeren til dansa inn valkampen. Men så er då også eldre eit av Høgre sine viktigaste tema i kommunevalkampen.
Nordmenn lever lenger, og held seg friske lenger. Heile 87 prosent av dei eldre over 80 år bur framleis heime, og slik skal det vera, ifølgje Solberg. Difor vert det viktig for kommunane å følgja opp med tilbod slik dei kan trivast, kjenna seg trygge og unngå isolasjon.

Mykje av inspirasjon til den landsomfattande valkampen har Høgre funne i Fjell, kunne statsministeren fortelja. No skal partiet ta til med å spreia den sokalla Fjell-modellen, med «Sjef i eige liv» til andre kommunar.
For det handlar ikkje berre om helsetilbod. Førebyggjande tiltak og rehabilitering er viktig. Skal eldre kunna bu heime lenger gjeld det å førebyggja passivitet, inaktivitet og einsemd. Men dei eldre må og kunna få tilbod om hjelp til einkle oppgåver som transport, handling og hagestell, ettersom kreftene sviktar.
Høgre ser for seg at oppgåvene vert løyste gjennom ein kombinasjon av offentlege tilbod, private tilbod og frivillig innsats.