Strilane har eit langt større potensiale for kulturturisme enn kva de har klart å få fram, hevdar ei begeistra kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V).

-Over alt har eg blitt møtt av folk som ønskjer å fortelja om alt dei har fått til, oppsummerte kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) inntrykka etter ein travel dag på øyane vestom Bergen.
Les: Kulturministeren imponert over Sotra Arena
-Strilane har ei gründerånd i folkesjela som eg likar veldig godt. Ofte når eg kjem ein stad, får eg ei lang liste over kva staten bør bidra med. Her får eg like ofte vita kva staten ikkje bør blanda seg oppi, smiler Skei Grande.
Omvisningar på Fjell Festning og Nordsjøfartsmuseet i Televåg i går gav kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande innblikk i ein del av Museum Vest ho ikkje kjente frå tidlegare.
Potensiale for kulturturisme
-Den lokale historien har eit langt større potensiale for kulturturisme enn det de har klart å få fram, tenkjer kulturministeren.
«Gitaren» ved Stranda skule og samarbeidet mellom Sund folkebibliotek og turlaget om kystpasset vekte og merksemd på utsendingen frå Regjeringa. Eit fint døme på tiltak som kan få stor effekt på folkehelsa lokalt for små summar, seier Skei Grande til nettavisa Tunnelsyn.no.
Les: I år kan du lesa Kystpasset på nett
Som kulturminister ser ho behovet for å styrka ein kultursektor som i dag er mykje prega av halve stillingar. Kommunesamanslåinga gjev grunnlag for å etablera større einingar. Noko som igjen vil bidra til å styrka engasjementet ovanfor frivillig sektor.