Kulturminister Trine Skei Grande (V) får ofte besøk av politikarar som ønskjer pengar til å realisera store idrettsanlegg. I dag fekk ho sjå eit ferdig anlegg.

Fotballhall, turnhall, tre utandørs fotballbaner og så den store innandørs hallen. Storleiken på Sotra Arena gjorde inntrykk på kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) då ho i dag vitja Sotra og Sotra Arena.
Imponerte gjorde også organiseringa. Bredda i aktivitetstilbodet gjer at kring 2.000 personar har ærend innom idrettsanlegget kvar dag, kunne klubbsekretær Irene Herdlevær fortelja.
Hallane vert brukt på kvelds-, dagtid og i helgane. Mange av aktivitetane skjer sjølvsagt i regi av idrettsorganisasjonane, men dørene vert og opna for uorganiserte aktivitetar. Anlegga kunne med fordel ha vore enno meir brukt på dagtid, til dømes i regi av skulane, seier Herdlevær.
Eigenorganisert
-Det er positivt at dei opnar for eigenorganiserte aktivitetar, noko som er ei stor utfordring ved mange anlegg, seier Skei Grande.
Til det trengst det mange tilsette, og mange frivillige. Dei 3.000 medlemmane i Sotra Sportsklubb brukar i snitt 15 timar i året på frivillig innsats, fortalte Herdlevær.
Likestilling
Sotra Sportsklubb har i år for første gong sendt avgarde fleire jenter enn gutar til Norway Cup. At leiinga ved Sotra Arena har lagt opp til aktivitetar som ikkje automatisk prioriterer gutar, var noko som særleg gleda kultur- og likestillingsministeren å høyra:
-Når det gjeld likestilling har idretten ein stor jobb å gjera, understrekar Skei Grande.
One thought on “Kulturministeren imponert over Sotra Arena”