Vil synleggjera åkle-tradisjonar frå Sotra

Sotra hadde ein eigen tradisjon for veving av åkle. Har du noko slikt i tølene dine?

Kristin Skintveit har drive vevstove på Holsnøy i mange år. Ho har og skrive fleire bøker om lokale vevtradisjonar. Foto: Agur.

Kristi Skintveit er kunsthandtverkar med vev som spesialitet. No skriv ho bok om gamle åkle frå strilalandet. Boka skal omhandla både stripeåkle (bråkvitlar) og ruteåkle (smettåkle).

Åkletradisjonane på Sotra og Øygarden er planlagt å utgjera eit eige kapittel i boka.
– Det skal ha vore mykje åkleveving på Sotra kring 1900, hevdar Skintveit.

Åklene var opphaveleg sengeutstyr, men nokre vart laga ekstra fine til rituelle høve, som dåp, bryllaup og gravferd.

Mønsteret i dette roseåkleet i Olav Toft-samlinga er særeige for Sund, hevdar Kristi Skintveit. Foto: Kristi Skintveit.

Ruteåkle
Skintveit er i utgangspunktet interessert i informasjon om alleslags åkle, og om kvinnene som vov dei. Ruteåkle er likevel spesielt interessante.

-Regionen har både eigne mønster, og tilflytta mønster. Dei siste kom, til liks med rose- og stjernetrøyene, frå til dømes Hardanger eller Rogaland, midt på 1800-talet, og vart tilpassa lokale tradisjonar, ifølgje kunsthandtverkaren.

Les: Sotratrøya – den originale

Skintveit har alt byrja nøsta i dei historiske trådane. I Olav Toft-samlinga i Sund har ho funne eit slite åkle med eit mønster ho meinar er stadeige for Sund. I Nasjonalmuseet har ho og funne ein skatt som er verd å løftast fram.

Les: Draumeoppdrag for kulturstudentar

-Rosa som er nytta vert kalla verhodnrose. (Selburose). Eg kjenner ikkje til at den er nytta som åklerose frå før, og tenkjer at mønsteret kanskje vart teikna av veverska. Men kven var veverska, spør Skintveit.

Mønsteret frå dette smettåkleet er inspirert frå Hardanger, men kan vera tilpassa ein lokal Sotra-tradisjon.

Inspirert
Smettåklet frå Sund har eit mønster inspirert av Hardanger. Her
finst det mange fleire variantar, og frå Fjell. Om hovudmønsteret er innført så kan åklea ha blitt tilført felles trekk som gjer dei til ein Sotra-tradisjon, tenkjer Skintveit.

Den kulturhistorisk interesserte veverska og fagbokforfattaren vil svært gjerne ha kontakt med innbyggjarar på Sotra og Øygarden, eller med røter herifrå, og som kan bidra til å utfylla historia.

Kven vov?
-Er det nokon som har liknande åkle, og som kjenner til veversker på Sotra kring 1900? Gamle, fillete åkle er like viktige som dei som ser nyare ut, seier Kristi Skintveit.

-Alle informantane vil få namna sine i boka, lover forfattaren.

Kristi Skintveit kjen frå Holsnøy, og har drive vevstova KristiAneVev sidan 1964. Mest har ho vove stoff til klede, dei seinare tiåra og ryer og åkle.

Ho er oppteken av å formidla gamle mønster og tradisjonar, og har tidlegare skrive fleire bøker om lokale åkletradisjonar:
-Nappaåkle «Som fell – så rye» 2001
-Åklebragder frå Jondal og kring Folgefonna, 2012
-Ruteåkle frå Sæbø, Nordhordland, 2015-16.

Du kan kontakta henne på post@kristianevev.no

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.