Sølvstenk i håret er eit pluss for dei som ønskjer å verta nominert til dette rådet.

Vestland fylkeskommune ønskjer å nominera kandidatar til det første eldrerådet i det nye fylket. No oppfordrar dei organisasjonar som representerer eldre om å senda inn forslag på samfunnsengasjerte kandidatar.
Då all sakshandsaming vil skje elektronisk, bør aktuelle kandidatar ha ein grunnleggjande datakompetanse.
Fylkeseldrerådet er eit rådgjevande organ for fylkeskommunen, og har rett til å uttala seg i alle saker som vedkjem eldre. Rådet kan og ta opp saker på eige initiativ.
Rådet skal ha ni medlemmar. To av dei skal hentast frå det nye fylkestinget. Sju skal veljast etter forslag frå organisasjonar som representerer eldre. Fleirtalet av representantane må ha passert 60 år når valet vert gjort.
Dei innkomne forslaga til medlemer vert lagt fram når det nye fylkestinget konstituerer seg i oktober. Fylkestinget vedtek samansetjinga av fylkeseldrerådet. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar mellom medlemmane.