Når sotrastrilane flyktar til Syden, får vi kajakkpadlarar fjorden for oss sjølv.

For meg, som for mange andre sotrastrilar, utgjer sjølivet ein sjølvsagt del av sommartilværet. Å kunna la seg lokka utandørs av plutselege solglyttar, er ein av fordelane ved å vera sin eigen sjef med fleksibel arbeidstid.
For oss som bur langs Straumsundet er sjøen nærturterreng. Ein sterkt undervurdert ressurs som kjelde til rekreasjon og folkehelse.
Frå naustet nedanfor huset går turen i stille padletempo sørover Kobbelia eller rundt Bildøy og nordover Kolltveitosen. I dag freista padleparadiset utanfor Foldnes med Sotra sitt svar på Blindleia.
Undervegs går ruta forbi båthamnane i Bildesundet, der glasfiberfarkostar til villaprisar rykkjer i fortøyningane. Eigarane har visst anna føre en slik solrik sommardag.
Farkostane eg møtte på dagens tur kan teljast på ei hand, medrekna ein kajakk og to sjøskutere. Det hender eg klagar over uvettig køyring på sjøskuter, men i dag viste sjølv fjortisane båtvett, styrte unna og sakka farten.
Litt skvalpesjø nord for Råna. Anna er ikkje å venta når Nordsjøen kjem rullande inn Hjeltefjorden med nordavinden.
Vel har strandlinja blitt privatisert einskilde stadar, men framleis er det 10.000 stadar der det er råd å gå i land.
Ein dag som denne treng eg ikkje noko kongeskip til å frakta meg rundt for å kjenna meg rik. Eigne musklar og ein 30 år gammal kajakk er nok til å gje eigaren kjensla av å vera dronning på fjorden.