Basen på Liaskjæret set punktum som dagleg leiar i Liegruppen AS med eit resultat familien må heilt tilbake til 2011 for å ha opplevd maken til.

Konsernrekneskapen som er sendt inn til Brønnøysund viser at Liegruppen AS fekk ei samla driftsinntekt på 303 millionar kroner frå fiskeri, eigedom og bilar i 2018. Resultatet før skatt enda på 104 millionar kroner. Tilsvarande resultat har Liegruppen AS berre kunna visa til ein gong tidlegare, i 2011.
-Det sterke resultatet skuldast først og framst eigedomssal, seier dagleg leiar og styreleiar Peder Lie i ein kort kommentar til nettavisa Tunnelsyn.no.
Ny dagleg leiar
Basen på Liaskjæret fyllte 70 i fjor. No trekkjer han seg tilbake frå den daglege drifta av konsernet til fordel for krabbefiske i heimleg farvatn.
– Dette er rette tidspunktet å gå av. Når du passerar 70 vert det fort for mange detaljar å forhalda seg til, men eg skal framleis vera styreleiar, seier Peder Lie til nettavisa Tunnelsyn.no.
Les: Basen på Liaskjæret
Ny dagleg leiar er Bjarne Risnes Haldorsen, tidlegare styreleiar i verksemda.
135 millionar i utbyte
Familien på Liaskjæret kunne i fjor rekneskapsføra inntektene frå salet av eigedomane Hansaparken og Ågotnes Næringspark, og frå fiskefartøyet Libas, ifølgje Lie.
Les: Fjell vil kjøpa hamneaksjar
Gjennom eigarselskapet Larstein II kontrollerer han framleis aksjemajoriteten i Liegruppen AS. Nedsalet av verdiane gjorde det mogeleg for den avtroppande daglege leiaren å starta pensjonisttilværet med eit utbyte på heile 135,3 millionar kroner som han må dela med familien.
Fiskeri
Men også fiskeriverksemda har bidrege mykje til det positive resultatet, rosar reiaren. Fiskeriaktivitetane som er samla i dotterdotterselskapa Liafjord AS og Libas AS, fekk ei samla omsetning på 235 millionar kroner og eit driftsresultat på 64,3 millionar kroner.
Les: Sel berre stål – ikkje fisk
Liegruppen omfatter 23 verksemder samla under fem dotterselskap. Fleire av dotterdotterselskapa innan eigedom, som Sotra Kystby AS, har ikkje levert inn rekneskap for fjoråret, men det vil ikkje påverka konsernrekneskapen, ifølgje Lie.
Liegruppen AS | 2018 | 2017 | Endring | % endring |
Driftsinntekt | 303 | 288,1 | 14,9 | 5,2 |
Resultat før skatt | 104 | 19,7 | 84,3 | 427,9 |
One thought on “Eigedomssal gav rekordår for Liegruppen”