Bilkjøparane si tilpassing til bompengevilkåra endrar konkurransen i den lokale bilbransjen.

Dei tre bilforhandlarane på Sotra kom noko ulikt ut av fjoråret. Ikkje uventa er det einaste elbilforhandlaren, Lieco Auto AS, som kan visa til sterkaste veksten i omsetnaden. Dagleg leiar Geir Ole Lie satsar for fullt på elbilar. Salet av Hyundai Ionic bidro til å auka driftsinntekta med 9,4 millionar kroner i fjor, til 86,1 millionar, viser rekneskapane som er sendt inn til Brønnøysund.
Les: Spår katastrofe for bompengenedbetalinga på Sotrasambandet
Beinhard konkurranse
Ein resultatandel på under fire prosent før skatt for samtlege av verksemdene vitnar om at dette er ein bransje med beinhard konkurranse.
Beste resultatet før skatt var det Toyota Sotra AS som fekk. Trass i at driftsinntekta vart svekka med 9,1 millionar, og resultatet nærast vart halvert samanlikna med 2017, sat verksemda på Ågotnes likevel att med 2,7 millionar kroner før skatt.
Fordforhandlaren Sotra Bil AS hadde ein svak auke i omsetnaden, men svekka resultatet vesentleg.
Arbeidsplassar
Totalt selde dei tre lokale bilforhandlarane på Sotra nye og brukte bilar for 217 millionar kroner. Bransjen sysselset 60 personar.
Bil | Omsetning 2018*) | Resultat før skatt 2018 | Endring resultat 2018 – 2019 | Endring omsetning 2018 – 2019 | Tilsette |
Lieco Auto AS | 86,1 | 2,4 | 0,9 | 9,4 | 17 |
Toyota Sotra AS | 76,3 | 2,7 | -2,6 | -9,1 | 24 |
Sotra Bil AS | 54,9 | -2 | -1,6 | 1,1 | 19 |
*) Alle beløp i millionar
One thought on “Bilbransjen i omstilling”