Færre unge ønskjer å ta vidaregåande utdanning på Sotra og Askøy.

Det kjem fram etter at førsteopptaket til vidaregåande skular i Hordland vart klart i dag.
Ved Askøy vidaregåande hadde dei venta seg 498 søkjarar. Dei fekk 59 færre. Noko mindre var svikten i søkjarmassen til Sotra vidaregåande. Her fekk dei inn 18 færre enn dei 819 søkjarane elevprognosene tilsa.
Vinnarfaga dette året er teknikk og industriell produksjon (TIP). 821 søkjarar til 700 plassar på vg1 er 25 prosent fleire enn i fjor. På vg2 og vg3 var det imidlertid færre søkjarar enn det er studieplassar.
Lågare poenggrense
Færre søkjarar inneber samstunes at den nedre poenggrensa for å koma inn dette skuleåret er lågare enn i fjor.
Ved Sotra vidaregåande er den nedre poenggrensa ved førsteopptaket til vg1 studiespesialisering dette året 38,1 mot 39,4 sist haust. Nedre poenggrense ved Askøy vidaregåande etter førsteopptaket er 37,8 poeng, mot 39,4 i fjor.
Høgast poenggrense er det ved Amalie Skram, med 48,3 poeng mot 49,4 i fjor.