Dei fagorganiserte laksepakkarane som ikkje fekk ny jobb etter at Norse Production gjekk konkurs, får til saman nærare 20 millionar kroner i erstatning.
Det er klart etter at Bergen Tingrett i dag har avsagt dom i saka dei 45 fagorganiserte polske arbeidarane reiste mot Sund Laksepakkeri, melder NRK.
Les: Norse Production på Skaganeset melder oppbud
Kvar av dei oppsagte kan venta seg mellom 200.000 og 300.000 kroner i erstatning, og 100.000 kroner i oppreising.
– Dommen er sjeldan klar og gjev arbeidarane fullt medhald. Tingretten seier tydeleg at den reelle grunnen til at dei ikkje fekk jobb, var at dei var fagorganiserte, seier LO-advokat Edvard Bakke til NRK.
Sund Laksepakkeri må i tillegg dekka alle sakskostnadane.
One thought on “Oppsagte laksepakkarar fekk fullt gjennomslag i retten”