KrF hentar generalsekretær frå Sotra

Geir Morten Nilsen (41) frå Skoge vert ny generalsekretær i KrF.

Geir Morten Nilsen. Foto: KrF.

Nilsen har lang erfaring frå mediebransjen i tillegg til ulike roller i næringslivet. Han kjem frå stillingen som konsernsjef i Mediehuset Dagen AS, kunngjer KrF på heimesidene sine.

– Dette vert ei ny rolle for min del, og eg er takksam for den tilliten KrF har vist meg. I den perioden eg har vore i mediebransjen så har det vore nesten kontinuerlig omstilling. Eg trur denne erfaringa kan vera nyttig når eg no går inn i KrF, seier Nilsen.

– Eg er veldig glad for at vi har fått med Geir Morten Nilsen på laget. Han er ein ambisiøs leiar som kjenner landskapet til KrF godt. Han er ein leiar som får gode skussmål av menneska rundt seg. KrF har ein viktig oppgåve i å byggja organisasjonen, her trur eg Geir Morten har mykje å bidra med, seier partileiar Kjell Ingolf Ropstad.

Den påtroppande generalsekretæren har erfaring som leiar og arbeidsgjevar frå flere samanhanger. Som organisasjonsbyggjar har han vore med på å mobilisere frivillige, starta verksemder og sidan 2008 vore konsernsjef i Mediehuset Dagen AS. Der har han jobba med flere utviklingsprosjekt, mellom anna eiendomsmeglerguiden.no. I løpet av denne perioden er Dagen snudd frå dårleg økonomi og usikker framtid til overskot, positive trendar og flere lesarar. Nilsen har også tidlegare jobba i Vårt Land.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.