Helgeturen: Eit uoppdaga tureldorado

La den friske lukta av pors fylla lungene, høyr vatnet surkla under gummistøvlane og gløym kvardagen sine bekymringar for nokre korte timar.

I Foldnesmarka er det mange stiar å velja mellom. Straume ligg i den retninga, peikar Anna Kristine Milde.

Bli med og opplev Foldnesmarka. No om dagen svevar den friske lukta av pors over det opne lyngheilandskapet. Snart skal landskapet dekkast av lilla purpurlyng og rosaraud røsslyng, men enno er det grønt og blått som dominerer fargepaletten. Fargar som skal verka roande på sinne, ifølgje dei som har greia på slikt.

Nettavisa Tunnelsyn.no har tidlegare framheva Foldnesmarka som eit stort og urørt turområde for Litle Sotra.

Les: Opplev Foldnesmarka

Kjem du? Her går vi langs den tidlegare arbeidsvegen frå Våge til Knarrevik. Grønt og blått dominerer fargepaletten.

Nærturområde
Foldnesmarka breiar seg i utmarka mellom Straume, Arefjord, Valen, Knarrevik, Rennedal, Våge og Foldnes, og byr på varierte natur- og kulturopplevingar. Området er nærturområde for dei nærare 10.000 innbyggjarane på Litle Sotra, likevel er det langt mellom turgåarane.

Altfor langt, meiner Anna Kristine Milde i Knarrevik som har turområdet som næraste nabo. Ho og hunden Goggen skulle gjerne ha truffe fleire, både to- og firbeinte, på sine daglege turar i området. Denne veka har ho vist nettavisa Tunnelsyn nokre av dei stiane ho sjølv pleier ferdast langs.

I ei bergskorte blømer den tidlege purpurlyngen alt. Jarnkrokar høgt oppe i same fjellveggen vitnar om at fjella i området vert nytta til klatring.

Deg og naturen
I Foldnesmarka er det berre deg og naturen. Fuglesong og klukkande elvar. Myr som surklar under gummistøvlane. Stiane er mange, men ofte lite synlege på grunn av liten bruk. Går du stilt, oppdagar du kan hende ein hjort?

Det er både gule, kvite og raude nøkkeroser i vatna. Eit varsle om eit landskap i endring.

Det opne lyngheilandskapet varierer med blandingsskog, myrar og vatn. Eit landskap i endring, seier Milde. Mykje skog har vakse opp her sidan ho flytta ut hit midt på 1990-talet. «Skogar» av vassliljer røpar at fleire av vatna er i ferd med å gro til. Det gjer det imidlertid ikkje tørrare i terrenget. Foldnesmarka er eit stort vass- og klimagass-reservoar.

Går du på vestsida av området kan du ta ein pause på Ørnanipa (110 moh) og kikka etter ørn. Like bak Hjelteryggen ligg Grasmenipa. Med sine 124 meter er dette høgaste utkikkspunktet på Litle Sotra.

Kyrkjevegen
Foldnesmarka vert delt i ein nordleg og ein sørleg del av kyrkjevegen mellom Foldnes og Hjelteryggen. For dei som ikkje er så heldige å ha dette uoppdaga tureldoradoet innan passeleg gangavstand, kan det vera greitt å parkera ved Foldnes kyrkje og ta turvegen mot Hjelteryggen det første stykket. Dei som har augene med seg vil oppdaga at det fleire stadar går nærast usynlege stiar ut i terrenget, både på nord og sørsida.

Det er berre å ta turen ut i terrenget. Utforska…

Frå Ørnanipa Har Anna Kristin Milde og Goggen god utsikt over Larslivatnet og Foldnes.

Arbeidsvegen til Våge
Ved vassverkskuret, like før siste bakken opp mot Hjelteryggen, tek den gamle arbeidsvegen frå Knarrevik til Våge av. Den halvt tilgrodde arbeidsstien fråVåge til fabrikkanlegga i Knarrevik vitnar om ei veglaus tid der arbeidsfolka måtta stilla på jobb før «fanden hadde fått på sine sko». Lukk augene. Korleis trur du det var å måtte gå her i mørket i snøkave vintersdagen? Ein strålande sommardag er det lett å romantisera kvardagsslitet til generasjonane før oss.

Menneska vert små. Denne imponerande demninga ligg i sørenden av Storavatnet i Knarrevik.

Vassressurar
Parkera kan du og gjera ved Liljevatnet skule. Gå over R555, ta inn på den vesle hytteparkeringa og gå mot nordvest. Snart står du framfor den imponerande demninga i Storavatnet. Går du over toppen av demninga, ser du ein av stiane ta av mot nord på vestsida av vatnet.

Startar du her, får du med deg ein bit av den nære industrihistorien på Sotra. Frå Storavatnet kan du følgja vassforsyningsanlegget til dei tidlegare fabrikkanlegga i Knarrevik. Tre demningar på rekkje og rad vitnar om vassressursane som medverka til at industrianlegga i si tid vart lokaliserte akkurat her. Demninga i Storavatnet er den største. Enn så lenge ligg ho der.

Les: – Her må riksantikvaren koma på banen

4 thoughts on “Helgeturen: Eit uoppdaga tureldorado

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.