Bur du i Søre Fjell eller i retning Ågotnes? Då bør du sjå etter E-en på bussen.

(Saka er oppdatert.)
E-en indikerer dei to nye ekspessbusslinjene til Ågotnes og Skogsskiftet.
Skogsskiftet
Linje 450E går frå Skogsskiftet klokka 6.40 no i sommar, med retur frå Bystasjonen klokka 15.35.
Til hausten vert det fire avgangar med 20 minuttars frekvens i retning Bergen om morgonen, og like mange i retur på ettermiddagen.
Ågotnes
Linje 460E går direkte frå Ågotnes terminal retning Bergen. No i sommar vert det avreise frå Ågotnes klokka 6.55, og heimatt klokka 15.43.
Til hausten vert det seks avgangar retning Bergen på morgonen, og fire heimatt på ettermiddagen. Også her vert det lagt opp til 20 minutter mellom avgangane.
Stoppar ikkje før
Sjå opp for E-en bør du gjera også om du bur på Litle Sotra. Ekspressbussane stoppar nemleg ikkje for avstiging før på Bildøy.
Ordinære bussar til Ågotnes terminal eller Skogsskiftet vil framleis gå oppom Straume terminal.