Stena Recycling AS har søkt fylkesmannen i Hordaland om å få flytta mottaksanlegget for skrapjern, EE-avfall og returmetall til CCB.

Anlegget Stena Recycling AS i dag disponerer på Laksevågneset har blitt for lite. I staden har dei inngått avtale med CCB AS om bruk av eit ni mål stort område like bak Gjertsen-naustet i den sørlege delen av baseområdet, kjem det fram av søknaden til fylkesmannen.
Oppskalering
Stena har store planar for oppskalering av verksemda i Bergensområdet. Søknaden omfattar løyve til mottak, lagring og behandling av inntil 50.000 tonn jern og metall, 5.000 tonn elektronisk og elektrisk avfall (EE-avfall) og inntil 3.000 tonn batteri.
Litium-ion batteri frå elektriske bilar vil utgjera ein aukande del av avfallsmengda, ifølgje prognosene.
Metall
Stena tok i fjor mot nærare 9.000 tonn avfall. Planen er å oppskalera drifta til å ta mot 14.000 tonn innan 2022. 80 prosent av det mottekne avfallet vil vera metall. Jern og stål vil verta fragmentert ved hjelp av skjærebrenning eller bruk av mobil saks.
Transportintensiv
Aktiviteten ved anlegget vil vera transportintensiv. Det årlege transportbehovet vil tilsvara 6.000 køyretøy, hovudsakleg for å transportera avfallet til anlegget. Det behandla avfallet vil i stor grad verta vidaresendt med båt.
Utslepp til sjø
For å hindre ureining av grunnen vert det planlagt å dekka grunnen med ei støypt betongplate. Sandfangskummar med oljefiltre skal reinsa overflatevatnet før utslepp til sjø.
Ved avdelinga i Bergen hadde Stena Recycling 8 tilsette i 2017. Hovudkontoret ligg i Oslo. Totalt omsette konsernet for1,25 milliardar kroner i 2017. Resultatet før skatt utgjorde 48 millionar kroner. Konsernet er 100 prosent svenskeigd.
Du kan lesa søknaden på heimesidene til fylkesmannen i Hordland.