Ingen av verksemdene som var inviterte til å bidra i eit spleiselag om trafikksikring i Idrettsvegen ønskjer å bidra.

No vert bygginga av kulverten som skulle sikra barn og unge trygg ferdsle under den mykje trafikkerte vegen sett på vent, i påvente av finansiering.
Det vart klart etter at kommunestyret i Fjell behandla saka i dag.
Mykje blanda trafikk
Idrettsvegen er skuleveg, hovudveg for gåande og syklande til Sotra Arena og har i tillegg mykje tungtrafikk frå næringsverksemdene i Straume Næringspark.
Fjell kommune ønskjer å etablera busstopp og kulvert under vegen for å betra trafikktryggleiken for skuleungane ved Danielsen skule, og for dei mange gåande og syklande til Sotra Arena.
Les: To stadar aktuelle for flytting av asfaltverket
Inviterte til spleiselag
Samla kostnadar, ifølgje dei innkomne tilboda, vert på vel 7,1 millionar kroner. Tiltaket er ikkje med på årets investeringsbudsjett. Dette er pengar Fjell ikkje har, i den noverande økonomiske situasjonen.
Les: Mot nytt millionunderskot i Fjell
I håp om løysa problemet inviterte Fjell kommune 45 verksemder i Straume Næringspark om å bidra i eit spleiselag. Tanken var at kvar av dei kunne bidra med 200.000 kroner eller meir, fortel ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell.
Ordføraren har hatt to møter med næringslivet. På orienteringsmøtet møtte ei handfull verksemder. På det siste og meir forpliktande møtet møtte berre to.
-Ingen av dei ønskjer å bidra, ifølgje Fjell-ordføraren.
-Ingen skal likevel ha dårleg samvit over ikkje å bidra. Næringslivet var der først. Fjell kommune har lagt tilrette for å blanda dei ulike trafikkantgruppene, legg Sandahl Bjorøy til.
Kortsiktige tiltak
Fjell-ordføraren er like fullt uroleg for tryggleiken til dei mange mjuke trafikkantane i området: Mange bilistar kjører langt fortare enn fartsgrensa på 40 kilometer i timen tilseier.
No må Fjell kommune vurdera kva andre tiltak vil kan vera mogeleg å gjennomføra på kort sikt, tenkjer Sandahl Bjorøy.
One thought on “Næringslivet vil ikkje bidra til trafikksikring”