Tippemidlar for 2019 er fordelte. Sjå oversikten over dei lokale tildelingane her.

Overskotet frå Norsk Tipping vert fordelt på idrettsanlegg og tiltak til friluftsliv landet over. Årets tildeling til Hordaland vert på rekordstore 146 millionar kroner, kjem det fram av ei pressemelding frå Hordland fylkeskommune.
Utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordland har no fordelt midlane for 2019.
16 av dei 117 tiltaka som får pengar dette året er lokaliserte i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Dei lokale tiltaka får til saman 24,9 millionar kroner.
Best ut i vest kjem Øygarden kommune. Fleirbrukshallen ved Hjeltefjorden Arena får 10,8 millionar i støtte. I tillegg kjem 300.000 til opparbeiding av ein tursti rundt hallen.
Idretten i Fjell og Askøy kjem om lag likt ut. Begge kommunane mottek kring 5,5 millionar kroner til ulike idretts- og nærmiljøtiltak. I Sund får dei 2,77 millionar kroner.
Det er ikkje berre dei store idrettsanlegga som får pengar. Heile ti av tildelingane dette året går til nærmiljøanlegg.
Tippemidlane er ei kjærkomen støtte til lokale idrettslag. Ikkje alle søknadane kan innfriast same året. Fylkesutvalet godkjende i går søknadar for til saman 640 millionar kroner for 2019.
Desse anlegga i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden får pengar dette året:
Askøy – idrettsanlegg | |||
Nordsiden IL | Træet idrettsbane, idrettshus | 3 000 000 | |
Askøy fotballklubb | Bergheim idrettsanlegg, bane 1 | 1 605 000 | |
4 605 000 | |||
Askøy – nærmiljøanlegg | |||
Stongefjellsbakken velforeining | Stongafjellsbakken fleirbruksområde | 300 000 | |
Askøy orienteringslag | Kleppestø nærmiljøkart | 99 000 | |
Alfredsenfeltet velforening | Alfredsenfeltet aktivitetsplass | 66 000 | |
Kolbeinsvarden | Kolbeinsvarden, merking av turstiar | 300 000 | |
765 000 | 5 370 000 | ||
Fjell – idrettsanlegg | |||
Sotra Sportsklubb | Straume idrettspark, fotballhall | 4 000 000 | |
Fjell kommune | Ågotnes idrettsanlegg, kunstgras rehabillitering | 640 000 | |
4 640 000 | |||
Fjell – nærmiljøanlegg | |||
Bjorøy Idrettslag | Bjorøy Idrettsplass, ballbinge | 300 000 | |
Sotra Sportsklubb | Straume Idrettspark, trimpark/ aktivitetspark | 300 000 | |
Sotra Sportsklubb | Straume Idrettspark, lys til trimpark/aktivitetspark | 115 000 | |
Sotra Sportsklubb | Straume Idrettspark, 5ar bane nr. 1 | 300 000 | |
1 015 000 | 5 655 000 | ||
Sund – idrettsanlegg | |||
Skogsvåg Idrettslag | Skogsvåg stadion, nytt klubbhus | 1 500 000 | |
Sund kommune | Spildepollen, tursti | 1 275 000 | |
2 775 000 | 2 775 000 | ||
Øygarden – idrettsanlegg | |||
Øygarden kommune | Hjeltefjorden Arena, fleirbrukshall m/ sosialt rom og styrkerom | 10 800 000 | |
Øygarden – nærmiljøanlegg | |||
Øygarden kommune | Hjeltefjorden arena, aktivitetsløype | 300 000 | 11 100 000 |
300 000 | 24 900 000 |