Fire representantar frå Sund i Fellesnemnda hadde helst sett at dei fekk behalda BIR som leverandør av renovasjonstenester også i den nye kommunen.

Fellesnemnda vedtok i går at FjellVAR (ØyVAR) skal ta seg av renovasjonstenestene i nye Øygarden, i det minste dei komande fire åra. Ved slutten av perioden skal tenesta evaluerast.
Det kommunalt eigde FjellVAR AS vart i si tid oppretta for å ta seg av vatn, avløp og renovasjon til fjellsokningane. Siste året har dei og teke seg av avfallet til hushaldningane i Øygarden.
I Sund har dei levert avfallet sitt til BIR, til forbrenning i fjernvarmeanlegget i Rådalen.
Renovasjon er ei teneste kommunane pliktar å setja ut på tilbod.
Det er små skilnadar i teneste og prisar til dei to verksemdene, kom det fram av presentasjonane til dagleg leiar Steinar Nævdal i BIR og Bjarne Ulvestad i FjellVAR.
Juristspørsmål
Sund har ein eigarandel på 1,8 prosent av aksjane i BIR. For å handtera oppgåva har renovasjonsverksemda dessutan bygd mellom anna gjenbruksstasjon på Midtstegen. Verdsetjinga av aksjar og anlegg er førebels ikkje avklart.
Korvidt nye Øygarden kan behalda aksjane i BIR utan å nytta seg av verksemda sine tenester vil vera eit spørsmål juristane må avklara. Trass fleire henvendingar har siste halvåret har arbeidsgruppa Fellesnemnda nedsette ikkje klart å få noko eintydig svar frå BIR på korleis dei ser føre seg handteringa av dei formelle økonomiske sidene ved ei verksemdoverdraging.
Mindretal
Dei mange uavklarte spørsmåla kring det økonomiske oppgjeret førte til at eit mindretal på fire representantar frå Sund stemte for å utsetja behandling i Fellesnemnda. Då saka likevel kom opp til endeleg behandling, stemte dei mot prosjektrådmanne si innstilling om at FjellVAR skal står for renovasjonstenestene i heile kommunen frå komande årsskifte.