Kaninar, fargerike parykkar og ungdomar i handlevogn.

Dei kreative påfunna var mangfaldige då eit 150-tals elevar i 8. og 9. klasse ved Fjell ungdomsskule i dag arrangerte «Løp for livet» til inntekt for å henta eit jentelag frå slummen i Nairobi til Norway Cup.
Ved å springa rundt Sartor Senter håpa dei å kunna henta inn minst 40.000 kroner frå lokale sponsorar. Sponsoravtalane hadde elevane sjølv skaffa seg på førehand.
-Kvar runde tel. Kreative påfunn gjer at elevane kan forventa auka bidrag frå sine sponsorar, fortalde ein optimistisk lærar Viggo Eide ved Fjell ungdomsskule.
Å henta eit heilt jentelag frå Kenya til Norge og Sotra kostar pengar.
-Vi hadde ikkje kunna henta jentene til Norge utan dette økonomiske bidraget, fortel Anders Mongstad som er leiar for Mathare-komiteen i Fjell.
Samarbeidet med fotballklubben i Mathare i slummen i Nairobi går langt tilbake. Dette vert 19. året fotballjentene kjem til Norge. Dei seksten jentene og tre av leiarane deira skal vera på Sotra i ei veke før fotballfesten i Oslo startar.
Det var klasse 9A som planla og stod som arrangør av løpet.
One thought on “Sprang for Mathare”