Ei 72 år gammal kvinne frå Askøy døydde på Haukeland Universitetssjukehus i går. Kvinna vart innlagt med mage- og tarmsymptom i helga.
Kvinna hadde fått påvist bakterien Campylobacter. Det opplyser Haukeland Universitetssjukehus i ei pressemelding sendt kl. 13.30 i dag.
-Pasienten hadde ei veldig alvorleg bakanforliggjande grunnliding. Den endelige dødsårsaka veit vi difor ikkje. Det vil verta gjennomført obduksjon. Dødsfallet er rutinemessig meldt til fylkeslegen og politiet, seir kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen, Erik Vigander i pressemeldinga.
To vaksne frå Askøy vart innlagt på Haukeland Universitetssjukehus med symptom på bakterieinfeksjon i går. Begge er vaksne, ifølgje den daglege oppdateringa frå Haukeland Universitetssjukehus.
Til saman sju personar frå Askøy har vore innlagt siste døgnet.
Sidan utbrotet av smittsam bakterieinfeksjon som føljge av forureining av drikkevatnet på søre Askøy vart oppdaga for ei veke sidan har 64 personar vore innlagt på sjukehuset med symptom på diare og magesmerter. Tolv av dei var born.
Askøy kommune melder om mindre pågang på Askøy legevakt frå alvorleg sjuke i går.
Les: Flest vaksne ramma av bakterieinfeksjon
Les: Undersøkjer barnedødsfall