Sjukefråværet i Fjell auka med 15 prosent i første kvartal samanlikna med same perioden i fjor.
Det legemelde sjukefråværet i kommunen utgjorde 6,4 prosent av arbeidsstokken i dei tre første månadane i år, viser ferske tal frå NAV.
I Sund og Øygarden gjekk sjukefråværet ned i same perioden. Størst var nedgangen i Sund. Ein reduksjon på 13 prosent tilseier at det legemelde sjukefråværet enda på 6,5 prosent.
I Øygarden enda sjukefråværet på 6,6 prosent, etter ein reduksjon på 3 prosent.
763.000 dagsverk
Totalt gjekk 763.000 dagsverk i Hordaland tapt som følgje av sjukdom i desse tre månadane.
Muskel-/skjelettlidingar og psykiske lidingar står for til saman kring 60 prosent av alle sjukmeldingane.
Høgast er sjukefråværet i aldersgruppa 55-64 år, lågast blant dei under 25 år. Sjølv om
denne gruppa har lågt fråvær er det òg blant dei yngste at fråværet aukar mest, ifølje Bogsnes.
Høgast fråvær finn vi innan helse- og sosialtenestene i kommunane, ifølgje NAV.
IA-avtalen
Gjennom IA-avtalen vil NAV no retta innsatsen mot å redusera fråværet i sju bransjar; sjukehus, sjukeheim, barnehagar, leverandørindustrien – olje og gass, næringsmiddelindustrien, rutebuss og persontrafikk og bygg og anlegg, fortel
direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.