Fylkeslegen i Hordaland har starta tilsyn etter at dei fekk melding om at eit lite barn frå Askøy døydde på Haukeland Universitetssjukehus.
Det har vore stilt spørsmål ved om dødsfallet har samanhang med kvaliteten på drikkevatnet i Askøy. Fylkeslegen vil undersøkja om barnet fekk forsvarleg helsehjelp, både frå Askøy kommune og frå sjukehuset.
-Vi har ingen mistanke om konkret svikt og går ope inn i undersøkinga, skriv fylkeslege Helga Arianson i ei pressemelding.
2 thoughts on “Undersøkjer barnedødsfall”