Her kan du gjera eit kupp!

Etter seks år på Møvik, flyttar Det Norske Misjonsselskap gjenbruksbutikken til Straume.
Lampar, møblar, tallerkar og dukar. Eiga avdeling for bøker. Utvalet av så-godt-som-nye gjenstandar underbyggjer påstanden om at dagens forbrukarar kan møblera eit heilt husvære til ein rimeleg kostnad på ein gjenbruksbutikk.
Ikkje bærekraftig
-Miljø, møteplass og misjon. NMS har tre stikkord for verksemda, kunne sokneprest Maria Tvedten i Foldnes fortelja eit publikum spekka med lokale kjendisar under den høgtidelege opninga i dag.
Etter frammøtet opningsdagen å døma, vil det nye tilbodet i handelsfloraen på Straume verta populært.
-Gjenbruk er eit svar på eit ikkje bærekraftig forbruk. Vi må endra livsstilen vår, oppfordra soknepresten. Samstundes gav ho uttrykk for glede over at overskotet frå butikken går til å kjempa mot fattigdom og til å fortelja om Jesus.
Alt som er til sals har NMS fått som gåver. Mykje har dei fått frå eldre som flyttar frå einbustad til leilighet. Drifta er basert på frivillig innsats. Så langt har den årlege omsetninga variert mellom 600 og 800.000 kroner, fortel styreleiar Alfhild Vassel Eide i NMS Gjenbruk.
Fryktar ikkje konkurranse
På Straume vert NMS Gjenbruk lettare tilgjengeleg for eit langt større publikum enn tidlegare. Ved å flytta til regionsenteret for nye Øygarden håpar Vassel Eide dessutan på at enno fleire enn dagens 25 frivillige vil melda seg slik at butikken kan utvida opningstida.
Butikken på Straume vil inngå i ein kjede på meir enn 50 gjenbruksbutikkar i NMS sin regi. Dette er den femte i Bergens-området. Butikkane samarbeidar om å tilpassa utvalet til kundane, ifølgje Vassel Eide.
-Dette vert andre gjenbruksbutikken på Straume. De er ikkje redd for konkurranse?
-Slett ikkje! Leiaren i DVI kom med blomst og ønska lukke til tidlegare i dag. Vi arbeider for ei felles sak, og etter same prinsipp, smiler styreleiaren i NMS Gjenbruk.