Folkeveksten i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden har fått ein bråstopp. Tilbake sit politikarane og freistar vekkforklara utviklinga.

I Askøy har dei for tida 315 ledige barnehageplassar, og trongt om plassen på skulane, ifølgje NRK.no.
-Slepp utbyggjarane til, krev opposisjonsleiar Siv Høgtun (H) i Askøy.
Politikarar ønskjer einkle forklaringar. Tek Høgtun ein kikk over Hjeltefjorden til nye Øygarden vil ho oppdaga at fleire bustadar ikkje nødvendigvis er rette svaret for å stimulera folkeveksten.
I nye Øygarden har vi forlengst sluppe utbyggjarane fri. I Fjell har dei endå til teke styringa. Som eit resultat er det for tida offisielt nærare 500 bustadar til sals i dei tre kommunane. Samstundes legg vi ned skular og manglar meir enn 100 barnehageplassar.
Hmmm… Forskjellig utgangspunkt, same resultat. Kan det vera andre faktorar som påverkar folk sitt flyttemønster?
Kva med å ta bompengar inn i forklaringsmodellen?
Asketappane er mellom dei som har høgast andel elbilar i landet. Og no skal elbilane byrja betala halv pris for passeringane i Askøypakken. Men ekstrainntektene vil ikkje monna nok til å hindra auke i satsane og fem års auke i nedbetalingstida.
I nye Øygarden klagar vi over køane over Sotrabrua. Om 6 – 8 år må vi betala bompengar straks vi passerer kommunegrensa. Kanhende vert det bomstasjonar vest for Kolltveittunnelen også?
Kor stort det samla bompengetrykket i Bergens-området vil verta, kjenner ingen svaret på i dag.
Når skal politikarane i Høgre, Arbeiderpartiet og andre sokalla «ansvarlege» parti oppdaga at føreseibare kostnadar står høgt på prioriteringslista hos huskjøparane? Særleg hos dei unge?