Kvelden før grunnlovsdagen er hageeigaren mest oppteken av å tyda gamle vêrteikn.

Varsla for 17. mai lovar brukande bunadsvêr, men kva med resten av sommeren?
Med fjorårssommaren friskt i minnet freistar hageeigaren å planleggja for ein ny sommarsesong ute i det grøne. Spørsmålet er berre: Skal eg satsa på tørke eller nedbørsrekord?
Generasjonane før meg hadde sine vêrteikn, sjølv om dei ikkje alltid var til å stola på. «Ask før eik gjev steik», hevda dei gjerne. Motsett er «eik før ask» eit varsel om ein regnfull sommar.
På eigedomen er eg så heldig å ha 14 ulike treslag. Både eik og ask kan studerast i den lokale floraen. I april såg det lenge ut til at askeblada skulle stikka hovuda fram og helsa våren før eikeblada. Men så kom kulden tilbake, og dermed tok eika forspranget. No står eika lysegrøn og frodig, medan asken såvidt byrjar få grønskjær.
Den føreståande sommaren vert altså av det våte slaget, skal eg tru tradisjonelle vêrprofetar.
Meteorologane har gått dei gamle vêrteikna etter i saumane. Nokre, som dreier seg om skyformasjonar og fargen på morgon- eller kveldshimmelen, har eindel for seg, ifølgje dei moderne forskarane.
Dei gamle sine teoriar om tresortar, om kva tre som først fekk lauv, eller om rognebærhausten si tyding for snømengda om vinteren, bles dei derimot berre av.
Hageeigaren trøystar seg med at meteorologi heller ikkje ein særleg presis vitskap, sjølv om digitale tungrekneprogram gjer at han vert stadig meir treffsikker.
Men kva gjer hageeigaren? Statistikken tyder på at nedbør er mest sannsynleg. Best å vera på den sikre sida! Planleggja for at det vert vêr denne sommaren og.
One thought on “Ask før eik…”